Pressen

INVITASJON til informasjonsmøte Bergen 26. februar 2018 kl 1900, sted: Litteraturhuset

Medaljemottakelse på Slottet. Anne Lise Straume, Zontamedlem og trygdesjef i Straume, har mottatt Kongens fortjenstmedalje i sølv og får hilse på kong Harald. (Bak: Jakob Straume).
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Ei ære

Det betyr mykje for meg å få denne utmerkinga. Det er ei ære.
Eg er veldig heldig som har så gode kollegaer og vener som vil meg så vel, sa hovudpersonen sjølv under festarrangementet. Ho trudde aldri ho skulle være 50 år hos same arbeidsgjevar. Det første møtet med byråkratiet var tøft.

Eg la merke til at det stort sett berre var menn som var leiarar og eg ergra meg over at så få kvinner søkte leiarjobbar. Dette ville eg gjere noko med. Eg har hatt fem heilt ulike jobbar i etaten, så 50 år har gått fort, ler Anne Lise før ho viser si humoristiske side og fortel fleire gode historier frå tida i trygdekassen og trygde- etaten.

Bildetekst: Kongens fortenestemedalje i sølv for 50 års innsats for Trygdeetaten/NAV og sitt engasjement for kvinnene si stilling i samfunnet

lagt inn 18. aug. 2013, 13.04 av Zonta Norge   [ oppdatert 17. feb. 2014, 15.06 ]

Alle som kjenner deg fortel om ditt store engasjement.
Fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes var ein av gratulantane under tildelinga. Engasjement og arbeidskapasitet, men også ord som motiverande, besluttsom, fargeklatt, sosial, humoristisk og sterke meiningar er sentrale i omtalen av deg, sa fylkesdirektør i NAV, Anne Kverneland Bogsnes, i si gratulasjonstale. – spesielt imponerande er det at du har oppretthalde din kompetanse, ditt engasjement og din arbeidskapasitet, gjennom 50 år, sa Kverneland Bogsnes.

Skaper moglegheiter for kvinner

Anne Lise Straume har gjennom heile sin karriere vore oppteken av å leggje til rette for at både medarbeidarane rundt ho og brukarane av etaten skulle få moglegheit til å utvikle seg. Ho starta si karriere i Bergen trygdekasse i 1958, og fekk etter kvart leiarjobbar, til sist som trygdesjef i Fjell kor ho var i 22 år.. – Som leiar har du alltid greidd å leggja til rette for at medarbeidarane kan kombinere jobben med familie og utdanning, sa avdelingsleiar ved NAV Fjell arbeid og trygd, Wenche Foldnes. Det var ho og kollegaene som søkte om fortjenestemedaljen. – Vi har vore særs heldige som har fått arbeidd i lag med deg. Du har eit positivt og optimistisk menneskesyn og har tru på at berre ein får tillit og ros kan alle utvikle seg og nå nye toppar, sa Foldnes.

Framleis mykje å bidra med

Anne Lise Straume engasjerte seg i 2003 i organisasjonen Zonta som arbeider for å bedre kvinners stilling i verden. – Du har vist at med innsats kan ein lukkast til tross for motgang, sa Margrethe Strømme , nestleiar i Zonta. Ho takka for Straumes engasjement for organisasjonen. – Du er eit levande bevis på at eldre har mykje å bidra med og lære ungdommen. Du har alltid brukt makta du har hatt til å hjelpe andre fram. Dette er ein god eigenskap, sa ho. Også barn og barnebarn sto blant gratulantane.- Engasjement., særskilt god leiarskap, klokskap og lojalitet er kjenneteikna også på den private Anne Lise. Ho organiserer heile storfamliien og har følgt både barn og barnebarn tett samstundes som ho har hatt full jobb. Du er eit ideal, sa dottera Marianne Straume i si gratulasjonshelsing.

 

Nyheter

SE NYHETER

Kalender

SE ARRANGEMENTER
Copyright © 2023, Zonta International - District 13.